Skånevik Fjordhotell: – Hotell ved fjorden

Skånevik Fjordhotell

ligger idyllisk til ved badeøyen Peparen sentralt ved Skånevik sentrum.

 

Skånevik Fjordhotel
Postboks 11
5594 Skånevik

post@fjordhotellet.no
53 77 07 00

Havet aldeles reint, blågrønt og innbydande utanfor restaurantvindauga. Rett bak oss – skogkledte åsar som strekjer seg mot himmelen. Det glir over i majestetiske snaufjell – høgt, høgt der oppe over tregrensa. Kontrastar og naturgitt villmarksvariasjon – frå fjord til fjell.

Om du ønskjer avslapping, er vårt hotell ein god stad å komme til. Du kan bruke tid i fjordspaet vårt, nyte matopplevingar i restauranten, og slappe av i baren eller peisestova.

Om sommaren er vår store, nydelege hotellhag fylt med leik og moro – eller kanskje strandkos på den idylliske badeøya Peparen kan freiste?

Skånevik Fjordhotel består av eit samanhengande hovudbygg i to etasjer, og hotellet har 51 rom med til saman 115 sengeplassar.

I fyrste etasje finn du resepsjonen, restauranten, baren og kjøkkenet. Her ligg dessutan konferansesalane våre; Skåno, Peparen og Møterom Vest, Peisestua – samt diverse andre fasilitetar for kos og hygge – som til dømes dansegolv og scene til bruk i forbindelse med konsertar eller øvrige arrangementer.

Kaféen vår, Strandkaféen, ligg også på gateplan – og her serverer me mellom anna vår berømte pizza som me lagar på ekte italiensk vis i steinovn. Spesielt populær er uteserveringa på sommaren: Utanfor kaféen har me nemleg ein stor terrasse med bord og sitjeplassar, der gjestene nyt mat og drikke med nydeleg utsikt over fjorden.

Ønskjer du å nytte wifi, kan du fritt bruke det i heile hotellet, både på romma, og i fellesareala.

I underetasjen ligg vårt fjordspa med fleire massasje- og velværerom. Me har dyktige terapeuter som tilbyr ulike behandlingsteknikkar.

LOKALE MATOPPLEVINGAR:

Her på fjordhotellet synes me at matgleder er så uendeleg mykje meir enn det å verte mett, så difor set kjøkkenet vårt i aller høgaste grad både matopplevingar og råvarekvalitet i sentrum.
Me er levande opptekne av å nytte lokale leverandører av råvarer, og nyttar det der med kan. Me er viden kjent for vår kreative meny, og dei smakene me kan by på her i Skånevik. Eit av våre hovudmål er å yte vårt aller beste – slik at alle våre gjester får ei unik matoppleving. Maten me serverer skal ha kvalitetsråvarer, tilberedt med lidenskap, og gje deg som gjest augneblink av gode smakar.

ROM FOR KREATIVITET:

La storslått natur – med fjord, fjell, fonn og fossefall utgjere den kreative atmosfæren for det faglege arrangementet ditt!

Fjordhotellet inviterer til lærerike, spennande, aktivitetsfylte og sosiale konferanseopplegg og teambuildingsarrangement for bedrifter og grupper. Konferansefasilitetane våre er ypperlege: Tre salar av varierande størrelse finn du her, med alt naudsynt teknisk utstyr – som til dømes videoprojektor, flip- overe, lerret, talerstol, overhead, TV, video og så vidare. Konferansesalene ligg sentralt i hotellets første etasje.

Skåno er på 80 kvadratmeter og har plass til 80 og 60 personar i henholdsvis kino- og skolesitting.

Peparen er på 40 kvadratmeter og har plass til 50 og 30 personer i henholdsvis kino- og skulesitting.

Møterom Vest på 36 kvadrat er eit noko mindre møterom med ovalt bord og plass til 26 personar.

Skåno og Peparen kan slås samen, og får då ein totalkapasitet på 130 personar.