Skånevik Naturoppleving: – Flott villmarksleir med utrolig utsikt!

Besøk oss i villmarksleiren !

Sjølvbetjent villmarksleir.

For bestilling/booking:

E-post:
skaanevik@naturoppleving.no

Tlf:
41 25 28 47

Skånevik Naturoppleving tilbyr små og store grupper, kjekke, spennande og tilrettelagte
aktivitetar her på Åsheim i Skånevik. Her kan du ta med egen mat til grilling mm, eller du
kan bestille i forkant god mat fra ein ønska leverandør.

Dersom du bestiller fra
Åkrafjordtunet AS, eller Skånevik Fjordhotell kan dei levere maten til dere i villmarksleiren
til avtala tid.

Vi tilbyr også overnatting i hengekøye (hengekøye må bringast med) under tak i
Gapahuken eller ute mellom trea.

Ta kontakt så sender vi deg informasjon om alt vi tilbyr med
priser !

Har du lyst på eit eventyr i flott natur og strålande utsikt over bygda og fjorden ? Da er du
hjarteleg velkommen til oss !

 

 

Kjekke lagaktivitetar som passer frå dei unge og til dei godt vaksne

På tunet har vi Gapahuken på utsikten med griller og grue under tak

Vi har også flott selskapslokale i Huldrehuset med stor vedovn.

 

Logo-Overskrift-e1521712663708
Skånevik Naturoppleving
v/Lars Rune Langhelle
Åsheimsvegen 108
5593 Skånevik

41 25 28 47

E-post:
skaanevik@naturoppleving.no

Villmarksleiren er senteret i Skånevik Naturoppleving og her foregår all aktivitet rundt omkring i tunet. Denne ligg ytterst mot eit flatt berg med strålande utsikt over bygda, fjorden og med land og øyar mot nord og vest. 

Leiren består av ulike platå og har mellom anna fleire bålplassar, bord og benkeplassar. Gapahuk med grue og plass til 40 gjester. Huldrehuset med vedovn har plass til 50 - 60 gjester.

Det er bilveg opp til parkeringsplassen vår, vidare 5 min gange på natursti opp til leiren. Vi har også bilveg heilt opp i tunet dersom du har behov for det. Dersom du til dømes bur på Skånevik Fjordhotell er det omkring 30 minuttars gåtur oppover til oss. Ynskjer du overnatting kan dette bestillast dette på:
 Skånevik Fjordhotell

Nærleiken til til den flotte naturen som omkransar Skånevik gir ein mykje: Avslappande velvære for sjel og sinn når ein sit saman med vener, stjernehimmelen og kanskje ein nysgjerrig hjorteflokk som næraste naboar.  Eller skumringa rundt den levande flammen medan sola går ned og fargar alt rødt.